Strategi for Bjørgvin bispedøme 2021-2024

Bjørgvin bispedømeråd ønskjer at kyrkja i Bjørgvin skal vera open, synleg og nær. Bispedømet vil dei komande fire åra satsa særleg på dåp, ungdom, ei synleg kyrkje, kunst- og kultur og frivillig teneste.

Kortversjonen av strategien for Bjørgvin bispedøme.

Dette går fram av bispedømerådet sitt vedtak om ny strategi i bispedømerådsmøtet 2. februar 2021.

Heile strategivedtaket ser slik ut:

Kyrkja i Bjørgvin vil i perioden 2021 – 2024 særleg arbeide for at

  1. Fleire i Bjørgvin vert døypte ved å
  • styrke kyrkjelyden sitt oppsøkjande arbeid med å forkynne evangeliet til tru
  • formidle at trua er ei gåve som ein mottek i dåpen
  • invitere folk i alle aldrar til å ta i mot dåpsgåva
  1. Kyrkja skal vera ein meiningsfull arena for ungdom og unge vaksne der dei kan
  • vere – og finne trygge og gode møteplassar
  • skape – og bruke sine eigne kulturelle uttrykkformar
  • bere - og verte engasjerte for menneskeverd, klima og rettferd
  • tru  - ved å delta aktivt i gudstenester og fellesskap
  1. Det kyrkjelydsbyggjande arbeidet vert styrka ved å
  • inspirere fleire til å bruke sine evner og gåver i friviljug teneste
  • nytte systematiske verktøy i rekruttering og oppfylging
  • fremje gjevarteneste
  1. Kunst- og kulturuttrykk skal vere ein vital del av den lokale kyrkja ved å
  • la kunst- og kulturuttrykk vide ut forkynninga og opne opp eit rom for tru
  • fremje kyrkja sitt eige arbeid på kyrkjemusikk, kunst og kultur
  • utvikle samarbeidet mellom kyrkja og det lokale kunst- og kulturlivet
  1. Kyrkja er synleg i lokalsamfunnet ved å
  • møte folk der dei er i livet og skape inkluderande fellesskap
  • samverke med lokale aktørar
  • vere aktiv pådrivar for berekraftig utvikling

Kyrkja i Bjørgvin vil nå sine mål ved å vere:

  • Open
  • Synleg
  • Nær

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"